Bratt_logo_sort_W.png

TEAM

Åse
Åse

Medeigar og dagleg leiar. Åse er BRATT Friluftslivs blide og hyggjelege organisator, fjellguide og klatreinstruktør. Fødd og oppvaksen på Hovet i Valle har ho lang erfaring med klatring i området. Ho har klatra sidan 1998, og kjenner fjella som si eiga bukselomme. Åse driv med sportsklatring, men også naturlig klatring, og har jobba som klatreinstruktør sida 2007.

Malin
Malin

Malin Johansen er Bratt sin marknadsførar og ansvarleg for sosiale medium. Malin er ei jakt, fiske og friluftsinteressert dame som er oppvaksen langs sørlandskysten, og busette seg i Valle kommune, i 2021. Ho er òg ein av våre snøscooterguidar. Med stor interesse for friluftslivet og god kjennskap til naturen og nyttevekstar, kan det bli ein morosam, lærerik og spanande naturoppleving på tur med Malin.

Ole Tom
Ole Tom

Ole Tom Rysstad, fødd og oppvaksen på Rysstad. Ein av sørlandets mest kompetente klatrarar og har vore til topps på dei fleste fjella i Setesdal. Han har brei erfaring med sva og sportsklatring, naturlege sikringar, via ferrata og har i tillegg vore med på å bore fleire av dei hundretalsrutene me har å tilby her i Valle.

Hege
Hege

Hege Rygnestad, er ein ekte Valldøl, fødd og oppvaksen på garden Rygnestad. Ho er ein av Setesdals mest erfarne via ferrataguidar og har hatt fleire hundre turar i dei bratte trinna. I tillegg til dette har ho Brattkort og kan halde opplæring innan sportsklatring.

Sondre
Sondre

Sondre Rua Dokken er toppturguide ski- med randone som spesialitet. Han er terrengsykkelekspert - kjennar kvar rot i skogen og tar deg ned ruter du ikkje trudde eksisterte! Sondre er opprinneleg frå Jondalen og til dagleg tilsett i DNT sør.

Thomas
Thomas

Thomas Severinsen, frå Arendal. Har klatra aktivt sidan 2009, og er ekspert på alt frå fjell og sportsklatring, harde bulder (steinar), eiga kroppsvekttrening og Yoga. Til vanleg arbeidar Thomas som PT, bodyworker (behandling), Yoga lærar og Coach. Tidlegare meir aktiv som klatreinstruktør for barn, ungdom og vaksne, men no held han for det meste kurs innan trening, skade førebygging og kosthald.

Jørgen
Jørgen

Fjellguide & snøscooterekspert - Jørgen Solbakk er Bratt sin lokalkjente snøscooterguide. Jørgen er oppvaksen på Hovet, i Valle kommune og kjenner godt til fjellområda gjennom mange toppturar og overnattingar. Jørgen er ein kompetent kar, som sikkert og suverent tar deg og dine med til skjulte eventyr i Setesdalsalpene!

Screenshot_20210329_190616
Screenshot_20210329_190616

Even Damminger er ein bergensar med mykje erfaring innanfor klatring og friluftsliv. Med 8 år i speidaren og 7 år som aktiv klatrar, kan han takle det meste som byr seg av utfordringar. Han har òg vore klatreinstruktør for Idrett Bergen Sør. Her har han jobba med å gi barn med ulike utfordringar ei oppleving av mestring. Even tar deg med til topps på ein trygg og sikker måte.

Dag
Dag

Styremedlem og medeigarr BRATT - kan "alt" om fjell, sikre opp- og nedturar, sommar som vinter, redning, sikring og opplæring!

Erik
Erik

Gründer, styremedlem og medeigar BRATT - friluftsaktivist fjell & hav!

Frode
Frode

Gründer, styreleiar og medeigar BRATT - stort engasjement og hjarta for Setesdal, jakt- & friluftsentusiast med herlig humør og ståpåvilje!

Tarald
Tarald

Styremedlem og medeigar BRATT - gardbrukar, friluftsentusiast, kjenner til det aller meste om Setesdal, alltid positiv - og ihuga spesialist på sykkel- og vandreruter.