top of page
Denne tjenesten er ikke tilgjengelig. Ta kontakt for mer informasjon.

ToppTur ski Intro kurs

Toppturopplevingsspakker & snøscooter.

  • 1 190 norske kroner
  • Nordibøvegen 151, 4747, Valle, Norge

Tjenestebeskrivelse

Me tar deg og dine med på det skjulte skieventyret til topps i det me kallar «Setesdalsalpane». Vil du prøve ut topptur på ski, har du fått deg nytt toppturutstyr, vil du teste ein ny dimensjon?? Her får du ein god smakebit på ein ny glød. I løpet av ein dag er vi på tur og lærer om korleis ein skal gå på topptur. Vi gjev deg den beste starten på topptur karriera. Her blir det gjeve instruksjon i randonee, telemark og/eller snowboard. Deltakarane får grunnleggjande sikkerheits- & skredopplæring - og ikkje minst sofistikert skiglede av ypperste slag. ​Ansette lokale guidar og kjentfolk beherskar scooter, ski, fjell og skred, og BRATT har eit godt og avklart forhald til grunneigarar med omsyn til ferdsel i området. ​Alt dette for å gjere opplevinga så mektig som mogleg. Totalpris kr. 1.190 for ein dag for ein person. Leige av ski mogleg. Frammøte etter avtale kl. 10. Retur kl. 16.00. VIKTIG & AKTUELL INFO: No i år i januar/februar er det usikkert iht. snø, slik at me førar ei liste over interessentar og tek kontakt med deg når fjellet ligg klart og freistar med skiglede! Set deg og dine på lista idag; send navn og antall personar til guide@brattnorge.no Uforpliktande! ​BRATT tilbyr unike, berekraftige skiopplevingsspakker for mindre grupper - 1 eller 2 dagars opplegg, med eller utan hotellpakke. Info og booking: Åse 907 122 65 / guide@brattnorge.no Booking & betaling her. Vipps er og mogleg til 102061 (BRATT).


Kommende økter


Kontaktinformasjon

  • Nordibøvegen 151, 4747, Valle, Norge

    +47 90712265

    guide@brattnorge.no

bottom of page